Ras på Hjølmavegen - vegen opna

Hjølmavegen er opna onsdag 10. juni 2026
 

Eidfjord kommune fekk laurdag kveld, 6. juni 2026, melding om ras på Hjølmovegen

Hjølmavegen er opna

Onsdag 10. juni har området vorte filma med drone, og det er ikkje kome ned noko i samband med regnet som har vore. Vegen er derfor opna og vegsperringa er fjerna. 

10.06.2026 09:45

Hjølmovegen stengt inn til vidare

Det er meldt ein del nedbør fram til onsdag, som kan vaska ut jordmassar og føra til mindre steinsprang.

Hjølmovegen vert stengt inntil vidare. Det vert teke ny vurdering onsdag kl. 12.00.

08.06.2026 12:29

Vegen er rydda - men vegen vert ikkje opna for trafikk.

Oppdatering: Søndag 07. juni 2026 kl 11:40

Vegen er rydda - men vegen vert ikkje opna for trafikk. Kun personar og bilar som oppheldt seg på oppsida av raset, får lov å køyra ut. 

Vegen vert stengt inntil ny vurdering er teke. 
Det vert sett opp vegsperring ved Mylningstveite, og det er forventa at vegsperringar vert respektert. 

Grunneigarar i området er varsla vis sms. 

08.06.2026 12:28

Vegen stengt lørdag 6. juni

Vegen er ikkje køyrbar laurdag kveld.

Eidfjord brannvern har vore på staden, og bekrefte at ingen er tatt av raset. Det vert teke vurdering om rydding av raset søndag formiddag. 

Ny oppdatert informasjon ca. kl 12:00 søndag 7. juni. 

06.06.2026 23:19