Tilknytningsstopp Sysendalen avgiftsområde Eidfjord kommune

Det er for tida tilknytingsstopp for avlaup for byggetiltak i Sysendalen avgiftsområde. Det vert gjeve byggeløyve i Sysendalen men det vert inntil vidare ikkje gjeve løyve til påkobling til spillvassnettet, kalla sanitærabonnement. 

Eidfjord kommune jobbar med å få på plass midlertidige tiltak slik at ein kan gje løyve til sanitærabonnement frå hausten 2023. Sanitærabonnement må vera godkjend av kommunen før søknad om midlertidig brukstillatelse eller ferdigattest.

Eidfjord kommune beklager for den risikoen og dei ulempene denne måtte ha for deg som tiltakshavar.

Ynskjer du utfyllande informasjon kan du ta kontakt med Eidfjord kommune, og henvendinga vil verta vidareformidla til rette vedkommande

Kommunestyre vedtak nr 23/025, dato: 13.3.23

Eidfjord kommune tillèt ikkje nye tilknytingar til avløpsanlegga Isdøla og Maurseth reinseanlegg i Sysendalen avgiftsområde. 
Eidfjord kommune har sett i gang arbeidet med å etablera nytt reinseanlegg i Sysendalen avgiftsområdet. Rådmann skal i samarbeid med partane finna og setja i verk mellombelse tiltak for tiltak under oppføring. Likeins mellombelse tiltak som kan handsame ny utbygging i avgiftsområdet. Status, framdrift og kostnadar rapporterast til formannskapet og økonomiske konsekvensar vert innarbeidd i dei økonomiske tertialrapportane til kommunestyret.

Les heile sakutgreiinga ved å søke i arkivsak 21/607

Pressemelding frå Rådmannen 17.02.2023

Det vert med bakgrunn i belastninga på Isdøla og Maurseth avlaupsreinseanlegg i Sysendalen avgiftsområde innført tilknytningsstopp til anlegga.

Tilknytningsstopp vert innført administrativt med umiddelbar verknad frå kunngjering og fram til kommunestyremøte 13 mars 2023.

Det vil i kommunestyremøte 13 mars koma opp sak om tilknytningsstopp skal vera permanent med virkning fram til nytt reinseanlegg er på plass i Sysendalen.
Det vert arbeid med å avklara moglege avbøtande løysingar fram til nytt reinseanlegg er på plass.

Bakgrunnen for stopp i tilknytning er overbelastning på reinseanlegga slik det er i dag. Eidfjord kommune kan ikkje godkjenna nye byggjetiltak som gjer at anlegga vert ytterlegare overbelasta.

Det vil koma ytterlegare informasjon til dei som har pågåande byggjearbeid så snart kommunen har det klart. 
Eidfjord kommune beklager ulempene dette måtte ha

Eidfjord 17.02.2023

Magnus Steigedal 
Rådmann

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Mobil 53 67 35 00