Vaksinar for vaksne

Du kan ta influensavaksine for sesongen 26/27 i veke 47.

Influensavaksinering

Det vert vaksinert mot sesonginfluensa, covid 19 og pneumokokksjukdom for målgrupper på legekontoret i Eidfjord. Du treng ikkje bestille tid.

Tidspunkt

Oppmøte i veke 47. Du kan møta opp mellom klokka 13.00 og 16.30.

For å unngå kø ber me om at du møter opp på dagen som høyrer til fødselsmånaden din:

  • Fødd i januar–april: 17. november 2026
  • Fødd i mai–august: 18. november 2026
  • Fødd i september–desember: 19. november 2026

Me takkar for at du følgjer den tilrådde oppmøtedagen.

Betaling

Betaling for vaksinane skjer på betalingsautomat på legekontoret i Eidfjord. 

Info

Har du ikkje mogelegheit for å vaksinere deg denne dagen, ta kontakt med fastlege eller apotek. Har du behov for tilrettelegging vil me prøva å imøtekomma dette, ta kontakt med Eidfjord legekontor.

Dersom du er sjuk med feber bør du utsetje vaksinasjon. 

Vaksinar til vaksne

Vaksne har behov for oppfriskingsdosar av nokre av vaksinene dei har fått gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Kontakt

Legekontor Eidfjord

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Telefontid:
08:00-10:00 og 13:00-15:00
10:00-13:00 Stengt (akutt sjuk, tast 1)

Legevakt 116 117
16.00 - 08.00