100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar

Ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i pleie og omsorg
Søknadsfrist: 21. oktober 2024

Søk til stillinga
Arkivsak 24/3075

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. 

Eidfjord bygdaheim

Bygdaheimen er basen i pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord kommunen. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert noko som betyr at dei tilsette jobbar fleksibelt både på Bygdaheimen og i heimetenesta. Me har fokus på kvalitet og har sidan 2013 årleg delteke i nettverk i regi av USHT.

Tenesta har digitalt varslingssystem på Bygdaheimen og digitale tryggleiksalarmar knytt til heimetenesta.

Heiltidskultur

Tenesta arbeider med heiltidskultur. Eit spanande prosjekt som handlar om oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning. Målet er mellom anna å finne nye måtar å organisere arbeidet vårt på, slik at me sikrar rett kompetanse på rett stad, til rett tid. Vidare håpar med at dette bidreg til auka kvalitet på tenestene og at tilsette opplever at dei får brukt kompetansen sin på ein hensiktsmessig måte.  

Hjå oss brukar me årsturnus når me lagar arbeidsplan, dette gjev deg moglegheiter til å vera med å påverke eiga arbeidstid. Lange vakter i helgene gjev moglegheit til å få periodar med turnusfri for deg og gjev oss moglegheit til å gje kollegaene dine høg stilling. Dette fører igjen til ei kompetent og godt kjend kollegagruppe. At me nyttar langvakter på helg gjer at me er meir faste tilsette på jobb også på helg, noko som gjev god kontinuitet for både dei tilsette og pasientane.  

Om stillinga

  • 2 delt turnus med langvakt kvar 4. helg, 
  • Ordinære vakter kvar 2. helg eller kombinasjon kvar 3. helg)
  • Det vert gjeve økonomisk kompensasjon for helgetimar ut over 255 i turnus gjeldande 2024/25
  • Stillinga er plassert i kommunen sitt regulativ i samsvar med tariffavtale. Stillingskode 7174. Sjukepleiarar i Eidfjord kommune får i tillegg kr 30 000 på årslønn.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Fagleg leiar av vaktlaget, delegere oppgåver til andre faggrupper
  • Leggje til rette for brukarmedverknad
  • Yte personleg bistand, pleie og behandling innan eige kompetanseområde
  • Dokumentasjon
  • Vera primærkontakt
  • Legemiddeladministrering
  • Handtere av medisinteknisk utstyr
  • Bruke velferdsteknologi
  • Laboratoriearbeid  
  • Delta i forbetringsarbeid, pasientsikkerheitsarbeid og fagutvikling
  • Rettleiing (pårørande, kollegaer, elevar, studentar og lærlingar)
  • Medverke til fullt forsvarleg, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø  

 

Ynskte kvalifikasjonar 

  • Offentleg godkjenning/autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Beherska norsk – både munnleg og skriftleg 


Personlege eigenskapar 

  • Evne til å gjera sjølvstendige vurderingar og ta eigne faglege avgjerdslar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • Iniativrik og engasjert
  • Målretta og strukturert  
  • Positiv og lojal 

 

Me tilbyr 

  • Ein arbeidsgjevar som satsar på heiltidskultur med gode turnusordningar der tilsette kan kome med innspel til eigen turnus
  • Godt arbeidsmiljø  
  • God sjukepleiardekning
  • Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Moglegheit til å søkje støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Sjukepleiar i 2 delt turnus har lokalt tillegg på kr 30 000 årslønn
  • Bedriftshelseteneste
  • Moglegheit til å leige Eidfjord kommune si hytte på Hardangervidda 

 


Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden.

I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating er eit krav

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid tlf 414 68 449 

Søknad med CV sender du på elektronisk skjema , arkiv sak 24/3075 

 

Kontakt

Margunn Lægreid
Mobil 41 46 84 49