Ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar i Modnen barnehageVil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg? Ny utvida søknadsfrist 31.03.23. Publisert 17.03.2023 11.29 Sist endra 17.03.2023 11.30 Søknad Søknad med cv sender du elektronisk Søknadsfrist: 31.03.23 Arkivsak: 23/211 Stilling Me søkjer inntil tre heile faste stillingar som pedagogisk leiar/ barnehagelærar. Kvalifikasjonar Godkjent barnehagelærarutdanning. Søkjarar med anna høgskuleutdanning knytt opp mot barn kan verta vurdert. Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter God digital kompetanse både i eige planarbeid og saman med borna Helse som gjer det mogleg å vera ein aktiv vaksen i leik ute og inne saman med borna Arbeidsoppgåver Ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet på avdelinga Rettleia, støtta og bidra til å utvikla medarbeidarane på avdelinga Delegera arbeidsoppgåver Tilrettelegga for eit godt samarbeid med føresatte. Tilrettelegge for eit godt samarbeid mellom avdelingane. Vera raus og tydleg og by på seg sjølv. Delta på leiarmøter. Evne til å ha oversikt, organisere og tilpasse arbeidet etter borna sine behov. Personlege eigenskapar Raus og samarbeidsvillig Omsorgsfull og du legg stor vekt på å skapa gode relasjonar Er fleksibel og endringsvillig Som pedagogisk leiar har du ansvar for å leia og rettleia personalet på avdelinga. Du må difor ha gode føresetnader til dette. Pedagogisk leiar må kunne samarbeida godt med andre på tvers av avdelinga og inngår i leiarteamet i barnehagen. Me tilbyr Spennande og varierte oppgåver i verdas viktigaste jobb Fagleg engasjerte kollegaer i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane Gode lønnsvilkår. Barnehagelærarane har eit rekrutteringstiltak på kr 17.500 over sentral avtale. Pedagogisk leiar ligg kr 32.500 over grunnlønna til barnehagelærar jf. sentral tariffavtale Eidfjord kommune kan gje eit kompetansetillegg for relevant etter og vidareutdanning på kr 10.000 for 30 studiepoeng og kr 20.000 for 60 studiepoeng Menn vert oppfordra til å søkje. Stillingane har oppstartsdato seinast 14.08.23. Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing. Spørsmål For meir spørsmål om stillingane kontakt: Ass. Einingsleiar Anett Viveli tlf.nr: 924 43 802 Einingsleiar Aina Næss tlf.nr: 957 93 150 Om barnehagen Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.