Leiar pleie og omsorg

Eidfjord kommune har ledig 1 fast stilling som leiar for pleie og omsorgstenestene 
Søknadsfrist 31.08.2026

Søk på stillinga

Arkivsak: 26/1190

Vil du vera med og forma framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?

Dette er jobben for deg som vil vera tett på både folk og fag, og som trivst med å vera ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko. 

Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikla tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren. Her er det kort veg frå idé til handling – og du ser resultatet av arbeidet ditt kvar einaste dag. 

Om tenesta:

Bygdaheimen er basen for pleie- og omsorgstenestene i Eidfjord. Sjukeheimen frå 2019 har 20 plassar fordelt på somatikk og demens, og ligg vakkert til på Brotkanten. Sjukeheimen har eige kjøken, vaskeri og aktivitetsavdeling. 
Heimetenesta er integrert med sjukeheimen, noko som gir fleksibilitet, god ressursutnytting og tett samarbeid. Me har fokus på kvalitet og deltek årleg i faglege nettverk gjennom USHT. 

Arbeidsoppgåver:

  • Leia og vidareutvikla pleie- og omsorgstenestene i tråd med lovverk, politiske vedtak og økonomiske rammer  
  • Ansvar for dagleg drift, fag, kvalitet, økonomi og personale 
  • Sikra heilskaplege, trygge og koordinerte pasientforløp. 
  • Arbeida systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik 
  • Personalansvar for alle tilsette i eininga. 
  • Leia og støtta medarbeidarane og bidra til eit godt arbeidsmiljø. 
  • Planleggja og følgja opp arbeidstid, årsturnus, bemanningsplanar og ferieavvikling 
  • Vidareutvikla rutinar, arbeidsprosessar og organisering av tenestene 
  • Vera ein pådrivar for digitalisering og velferdsteknologi 
  • Arbeida strategisk med kompetanseutvikling, rekruttering og framtidig tenesteutvikling 
  • Jobba strategisk med kompetanse, rekruttering og utvikling 
  • Samarbeida tett med brukarar, pårørande, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig utdanning på høgskule/universitetsnivå 
  • Leiarutdanning og/eller relevant erfaring 
  • Kunnskap og erfaring frå tenesteområdet 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 


Det vil vera ein fordel om du har: 

  • Erfaring med personal- og økonomiansvar 
  • Erfaring med utviklings- og endringsarbeid 
  • Gode IT kompetanse og interesse for teknologiutvikling 

Me ser etter ein leiar som :

  • Er tydeleg, trygg og tilgjengeleg 
  • Er fleksibel, strukturert og har evne til å prioritera og ta avgjerdsler 
  • Kan leia endringsprosessar på ein inkluderande måte 
  • Bidreg med godt humør og engasjement i kvardagen 

Du må vera god på å samarbeida og bruka dine kreative evner og gode humør til å 
spela kollegaene dine gode. 

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd

Me tilbyr:

  • Ei spanande og meiningsfull leiarstilling med stor påverknadskraft 
  • Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar 
  • Eit aktivt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Tilsetjingsvilkår: 

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.
For spørsmål om stillinga kontakt: Kommunalsjef helse og omsorg, Karin Flatabø Thrane telefonnr: 95138645

Send inn søknad

Søknad sender du elektronisk. Du finn søknadsskjema på heimesida vår under sjølvbetjening. Arkivsaknummeret er 26/1190

Velkomen som søkjar!
 

Kontakt

Karin Flatabø Thrane
Kommunalsjef
Telefon 53 67 35 75