Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av Kommunestyret.

Leiar

  • Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar.
  • Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet

Møteplan for kontrollutvalet

Medlemar

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemar for valperioden 2023 - 2027:

  • Kjell Ove Tveit, leiar
  • Trygve Soberg, nestleiar
  • Atle Myklatun, medlem
  • Haldis Myrvang Riber, medlem
  • Liv Myklatun, medlem

Kontakt

E-post til kontrollutvalet kan sendast til leiar, med kopi til sekretær for kontrollutvalet

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i, eigarskapskontroll ift. selskap kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver ved bestillingar til revisor.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret. Revisjonsrapportar etter gjennomførte revisjonar finn du her.

Revisor

Eidfjord kommune sin revisor er Vestlandsrevisjon IKS. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat for kontrollutvalet

Eidfjord kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet https://www.vestlandfylke.no/om-oss/organisasjon/kontrollutvalget/ i Vestland fylkeskommune.
Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter.

Døme: føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.

Viktige lenker

Kontrollutvalsboka
Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)
Norges kommunervisorforbund (NKRF)