Fakta om Eidfjord

Fakta om Eidfjord

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden i Hordaland og har ca. 910 innbyggjarar. Eidfjord kommune sitt areal er på 1500 kvadratkilometer, og av desse ligg 95 % over 600 meter over havoverflata. Dette tyder at ein har nok plass for både innbyggjarar og vitjarar. 

Eidfjord er ein kraftkommune som viser igjen i det offentlege tenestene. Houvudnæringa er turisme, hydroelektisitet og detaljhandel. Kommunen er også ein av dei store arbeidsgjervarane.

I Eidfjord har me også kino, kunstgalleri, bibliotek, natursenter, idrettshall, slalombakke og uavgrensa moglegheiter for utandørs aktivitetar. Berre ein kort biltur tek deg til Hardangervidda, Nord-Europas største fjellplatå. 

Menneskeleg aktivitet har sett sine spor på landskapet med jernalder-og vikinggravene på Hereid, og dei mange historiske bygningane i Eidfjord sentrum.

Det er kombinasjonen av den veksande økonomien, naturen, den unike kulturen og menneskeleg aktivitet over fleire hundre år som har gjort Eidfjord til den staden den er i dag.