Framdrift
Fremdrifta for Repstad Anlegg i samband med ny utviding av cruisekaien, har vore god sidan oppstarten i november, og me ligg godt innanfor oppsett plan.
Frå og med veke 52 vil det vera stopp i arbeidet på kaien, men arbeidet startar opp att 05. januar 2026.
NB!
Uvedkommande må halda seg utanfor kaiområdet, som er sperra av med byggjegjerde.
Remming
Arbeidet med remming/peling har vist seg å gå svært godt, og det er, før juleferie, slått ned 14 av totalt 19 pelar. Det vil sei at det vert minimalt med støyande arbeid i januar neste år.
Forskaling og støyping
Vidare arbeid er forskaling og støyping av berebjelkar i betong, som det seinare skal monterast betongelement oppå. Til slutt vil dekket støypast over, og det vert bygd opp att uteområda for å betra gangtrafikk langs kaien.
Ynskjer ei riktig god jol, og eit godt nytt år!
