Rådmann og stab

Rådmann og stab

Rådmannen er øvste administrative leiar i kommunen og skal sjå til at dei saker som vert lagt fram for dei folkevalde organ, er forsvarleg utgreia og at vedtak vert sett i verk.

Hovudoppgåvene til sentraladministrasjonen er det overordna ansvar for den kommunale forvaltninga, økonomi med budsjett og rekneskap, koordinering av dei kommunale sektorane og ansvar for planlegging innafor dei rammene som er sette av politiske organ.

Andre viktige oppgåver er organisasjonsutvikling, personalforvaltning, kompetanseutvikling, internkontroll, IKT, kontakt med næring, andre offentlege organ og saksførebuing til politiske styringsorgan.

Kommuneloven pålegg kommunane å driva aktiv informasjon om den kommunale verksemda.
Kommunen sin nettside og Eidfjord Nytt er viktige i dette arbeidet.


 

Kontakt

Geir Underhaug
Rådmann
E-post
Telefon 53 67 35 13
Mobil 993 56 612

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00