Tenestetorget er eit felles sekretariat for administrasjon og politikk, og held til i fyrste etasje i kommunehuset.
I tillegg har me publikumsteneste. Her kan du få svar på mykje, eller me kan visa deg vidare til rette vedkomande.
- Mottak av publikum, telefonar, dokument og e-post.
- Sentralbord for Eidfjord kommune.
- Me har søknadskjema, og hjelper med utfylling/informasjon og veiledning så langt me kan.
- Utleige av kulturbygg/idrettshall.
- Utleige av fjellstyrehytter.
- Uleige av Sandvadhytte (kommunal hytte for innbyggjarar)
- Utleige av brurebunad frå Eidfjord til giftarmål.
- Me gjev deg skjenkeløyve.
- Me handsamar motorferdselløyve.
- "Flytt til Hardanger" Me informerer og veileder deg i tilflyttingsfasen.
- Redaktøransvar for Eidfjord Nytt (kommunalt informasjonsblad - 2 utgåver i året)
- Me sel fiskekort og jaktkort.
- Me sel div. bøker.
- Me sel kort til styrkerommet i idrettshallen.
- Kopieringsteneste.
- Post og arkivansvar - me veit kor saka di er og kan generelt gje innsyn i postlister og dokument.
- Politisk sekretariat.
- Gjennomføring av Stortings- og kommuneval (førehandsrøysting, manntall m.m.)
- At me møter deg venleg og med respekt.
- Me skal kunne gje deg informasjon om den saka du lurer på, og rettleiing til å kome deg vidare.
- Tydelege og forståelege tilbakemeldingar.
- Hjelp til å fylle ut søknadsskjema.
- At me viser deg til rett person eller kontor når me ikkje kan hjelpe.
- Me tek imot deg når du møter opp på kommunehuset, og me svarar deg på telefon.
- At du vender deg til ekspedisjonen når du kjem på kommunehuset og fortel oss ærendet ditt. Då kan me vurdera kven som kan hjelpa deg vidare.
- At du møter oss venleg og med respekt.
- Gje oss gjerne tilbakemeldingar på tenestene/servicen vår.
- Telefonar, e-post og spørsmål ved skranke svarar vi på etter kvart som dei kjem.
- Saker som blir handsama ved tenestetorget skal du få svar på i løpet av tre veker etter at me har motteke saka - eller tre veker etter søknadsfrist. Rekk me ikkje fristen skal du få beskjed om kor lang tid me treng på å handsame saka.
- Prisane ligg på heimesida vår. Me kan også opplyse deg om desse om du kontaktar oss.
- Svart/kvit kopiar er gratis for lag og organisasjonar tilhøyrande Eidfjord kommune.
Varslingssystemet "Varsling 24" - varsling til innbyggjarar
Publisert14.03.2019 11.35