Varslingssystemet "Varsling 24"

Eidfjord kommune har teke i bruk varslingssystemet «Varsling 24» for å kunne nå innbyggjarane raskt med viktige meldingar. Varslinga skjer ved utsending av tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når vert systemet teke i bruk?

Varslingssystemet vert brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg. Det kan vera ved stenging av vatn, kokevarsel, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.

Korleis finn me deg?

Det vert nytta tre ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
kontaktinformasjonen vert henta frå DIFI sitt kontakt- og reservasjonsregister. Me oppmodar om at innbyggjarane legg inn sitt mobilnummer og e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Oppdatering kan gjerast her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon   

2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter vert bedrifter som høyrer til adresser som er oppført i einingsregisteret kontakta. Kontaktdata for bedrifter er henta frå Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereining hjå Brønnøysundregisteret: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan den enkelte nytta om du ynskjer å få varsling for ei bedrift eller for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå her: https://varslemeg.no/

Har du ikkje fått varsel?

1) Er du folkeregistret på di adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Kva kan du gjera?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrera telefonnummeret ditt på di adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endra dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og nyttast berre av kommunen.

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister her: https://www.varslemeg.no
Vel Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (vel Privat)

Sårbare verksemder

Tilleggsregisteret knyter kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS vert sendt frå kommunen.
Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.

Dømer:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Alders- og sjukeheim
  • Lege og tannlegar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kafear

Registrer verksemda di i kommunen sitt Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/
Vel Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (vel Bedrift)

Ofte stilte spørsmål

Korleis virkar varslinga?

Meldinga vert sendt som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Tekstmelding vert lese inn som «tekst til tale». På slutten av meldinga kan du tasta 1 for å stadfesta at du har oppfatta meldinga, eller 9 om du ynskjer å høyra meldinga ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Me sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei aktuell adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Difi sitt kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Difi sitt kontaktregister/Altinn vil du få varsel. 

Oppføringa di kan du sjekka ved å logge deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

Vert dei som har hemmeleg nummer varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ynskjer å få varsel frå kommunen kan du legge inn ei tilleggsoppføring på https://varslemeg.no/ Hugs å kryss av på «hemmeleg nummer».

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?

På varslemeg.no kan du leggja inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad,  foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du får ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Eg bur i burettslag/blokk/sameiga. Vert alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameiga vert varsla om du er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommunen for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekka alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting».

Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikker du ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Mobil 53 67 35 00