God sikt

Informasjon om kva god sikt har å sei, og kva du som tomteeigar kan gjera for å betra den.

Dårleg sikt

Kvart år vert mennesker skada unødvendig pga dårleg sikt. Spesielt utsette er barn som er låge, og som ikkje vert sett like godt bak høge busker og hekkar.  Dei vert gjerne oppslukt av leik og spring fort rett ut i vegen utan å sjå seg for.  Nokre enkle tiltak kan redda liv.

Har du tenkt på at hekken din kan vera årsak til ei ulukka?

Ditt ansvar

Du som er eigar eller brukar av ein eigedom er ansvarleg for at vegetasjonen ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar. Det betyr at du må klippa hekk, busker og tre slik at alle trafikkantar får god sikt.
Det er også veldig viktig at hekk, busker og tre ikkje hindrar sikt til trafikkskilt, vegnamnskilt og signalanlegg.

Me håpar du hjelper oss med å førebyggja ulukker ved å sjå til at vegetasjonen  på tomta di ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar.

Tips