Barn med nedsett funksjonsevne

Søknad om tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne § 37

Søknad

Tilrettelagt barnehagetilbod - skjema

Det er føresette eller barnehagen som søkjer om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Føresette kan få hjelp av barnehagen til å søkja. Hugs å leggja ved dokumentasjon. Barnehagen kan òg utan foreldra sitt samtykke søkja om tilrettelegging for barnet i barnehagen. Barnehagen må senda varsel om eit eventuelt vedtak til føresette, slik at dei har høve til å gje tilbakemelding på tilrettelegginga barnehagen planlegg å verksetja.

Me gjev kun støtte til barn som er busett i kommunen. Viss barnet er busett i andre kommunar, må du søkja til barnet sin heimkommune.

Nedsett funksjonsevne

Nedsett funksjonsevne er definert som tap av, skade på, eller avvik i ein av kroppen sine psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. For å ha rett til tilrettelegging må barnet si funksjonsnedsetting vere slik at det krevst tilrettelegging utover det som er innanfor det ordinære barnehagetibodet.

Tilrettelegging

Tilrettelegginga skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Tilrettelegginga kan gjevast i form av ekstra bemanning, rettleiing eller organisatoriske tiltak. Søknaden må innehalda informasjon om kva som skal til for at barnet kan delta i barnehagen på lik linje med andre barn.

Saksgang i kommunen

Alle søknadar vert vurdert ut frå at alle barnehagar har tilretteleggingsplikt i høve barnehagelova. For at behandlingstida skal vera så rask og effektiv som mogleg, må tilstrekkeleg dokumentasjon på barnet si nedsette funksjonsevne leggjast ved søknaden. Søknadar vert handsama kontinuerleg, og vedtak vert sendt til foreldre med kopi til barnehagen. Verksetting av vedtak gjeld frå vedtaksdato.

Slik går du fram ved klage

Du kan klaga på vedtaket frå kommunen. Føresette kan klage åleine eller i samarbeid med barnehagen. Klagefristen er tre veker frå moteke svar. Du må senda klagen til same adressa som søknaden. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender me klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjersle.
 

Kontakt

Aina Næss
Einingsleiar /barnehagemynde
E-post
Mobil 53 67 36 00