Logoped og spesialpedagogisk hjelp

Logoped

Logopeden gjev hjelp til barn og ungdom som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme.

Logopeden kan hjelpa med å:

  • Retteleia foreldre eller personalet i barnehage og skule
  • Gje barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing. Hjelpa kan gjevast heime, i barnehagen eller hjå logopeden
  • Kartleggja for ei eventuell vidare tilvising

Konsultasjon

Dersom du er i tvil om barnet ditt bør tilvisast til logopedtenesta, kan du ta kontakt med logopeden eller ta det opp med barnehagen

Foreldre og/eller barnehage  kan tilvisa barnet til logoped. Foreldre må samtykka i tilvisinga.

Tilvisning til logopeped

Spesialpedagogisk hjelp

§ 31. Rett til spesialpedagogisk hjelp
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særleg behov for det. Det gjeld uavhengig av om dei går i barnehage.

Når det gjeld Pedagogisk Psykologisk Tenester (PPT), kjøper Eidfjord kommune desse tenestene hjå Voss kommune.
PPT gjev foreldre og tilsette i barnehage råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing.
PPT kartlegg, gjev råd og er sakkunnig instans i spørsmål om barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialoundervisning (0-16 år) 

Korleis få hjelp frå PPT?

Om de som foreldre treng hjelp frå PPT, kan de ta direkte kontakt eller gå gjennom barnehagen. Det er ynskjeleg at de tek kontakt med barnehagen først, men dette er ikkje eit krav.

Tilvisingsskjema til PPT

For barnehagen

PPT kan gje råd og rettleiing til barnehagen om barn som ikkje er tilviste, etter at foreldre har samtykka til det. Du kan òg be om rettleiing i spesialpedagogisk team anonymt.

Barnehagen kan ta direkte kontakt med PPT, for rettleiing, førespurnad om kurs og systemarbeid, eller i enkeltsaker om dei ha fått samtykke til det.

For at PPT skal gjennomføra kartlegging/sakkunnig vurdering, må barnet vera tilvist PPT på eige tilvisingsskjema.