Redusert foreldrebetalingNasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetaling gjeldande frå 01.05.15, endring frå 01.08.16 Retningsliner redusert foreldrebetaling Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% i foreldrebetaling for 2. barn og 50% for 3. barn eller fleire.Hushald vert definert som ektefellar, registrerte partnarar og sambuar. Dei som kjem inn under denne ordninga er ektepar / sambuarar, forsørgjarar med delt omsorg og einslege forsørgjarar.Den samla inntekta til hushald er utgangspunkt for redusert foreldrebetaling.Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital og personinntekt.Siste års sjølvmelding vert brukt som dokumentasjon. Manglande sjølvmelding f.eks som følgje av kort bu tid i landet kan kompenserast med annan dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande.Søknad og siste års sjølvmelding skal leverast barnehagen eller på kommunehuset.Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at vedtak er fatta.Vedtaka gjeld for 1 år. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.Alle hushald som får endra den økonomiske situasjonen sin, eller sivile status, pliktar å opplysa om dette. Foreldrebetaling (udir.no) Publisert 30.04.2019 10.58 Sist endra 11.01.2024 11.09