Vedtekter

10 Foreldrebetaling

Betaling for opphald i barnehagen er dei satsane som til ei kvar tid er fastsette av kommunestyret, innafor maksimalgrense fastsett av Stortinget.

  • Det er betalingsfri i juli månad
  • Barnehagen i Eidfjord har ikkje friplassar
  • Foreldrebetalinga gjeld frå den første i den månaden barnet tek til i barnehagen
  • Barn som har oppstart medio august betalar halv pris for august

10.1 Syskenmoderasjon

Det vert gjeve søskenmoderasjon jf. Stortinget sitt vedtak om nasjonal minimumssats for syskenmoderasjon. Syskenmoderasjon er 30% for det andre barnet og 50% for det tredje barnet som har barnehageplass.

10.2 Varmt måltid

Det vert servert eit varmt måltid i barnehagen midt på dagen 2-3 gonger for veka. Dette er obligatorisk. Servering av varmt måltid følgjer barnehage- skuleruta. Betaling for måltidet vert fakturert 10 månadar i året, og vert sendt ut på eiga rekning.

10.3 Foreldrebetaling ved sjukefråvære

Foreldrebetalinga kan bli redusert dersom barnet er borte frå barnehagen meir enn ein månad på grunn av sjukdom. Dette må dokumenterast av lege. Den første fråværsmånaden må betalast etter vanlege satsar.

10.4 Inntektsgradert foreldrebetaling

Det kan gjevast inntektsgradert foreldrebetaling etter søknad frå foreldre/føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen.

Inntektsgradert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknaden med fullstendig dokumentasjon er motteken, og har ikkje tilbakeverkande kraft. Moderasjonen varer ut barnehageåret, mai/juni før det må søkjast på nytt, med ny dokumentasjon.

Får hushaldninga endra sin økonomiske situasjon eller sivile status, pliktar ein å opplysa om dette.