Personvern i skulen

Personopplysningar og personvern på Lægreid skule

Opplysningar eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson, vert kalla personopplysningar. Rådmannen er ansvarleg for at personopplysningar vert handtert på rett måte. Oppgåvene er delegert til rektorar og systemansvarlege i organisasjonen.

Tilsette i skulen i Eidfjord har teieplikt og plikt til å hindra at andre får tilgang til informasjon om elevar og deira føresette.

Handsaming av personopplysningar i skulen er ikkje nytt, men ein delvis digital skulekvardag har ført til aukande bruk av digitale læremiddel og system i skulen. Ein konsekvens av dette er at det vert handsama personopplysningar i fleire system enn tidlegare. Eidfjord kommune skal sikra at desse personopplysningane vert handsama på rett måte.

Før det vert teke i bruk nye digitale system i dag, skal systemet risikovurderast både teknisk og organisatorisk. Eidfjord kommune må inngå databehandlaravtale med leverandøren som handsamar personopplysningane på vegne av kommunen.

Spørsmål og svar