Om permisjon
Planlegg du at fråværet skal strekk seg over to veker, må det meldast om heimeopplæring. Heimeopplæring inneber at føresette påtek seg å gjennomføra opplæringa i den aktuelle perioden.
Korleis fungerer heimeopplæring?
Opplæringa som føregår i heimen skal følgja opplæringslova både i formål og innhald. Opplæringa skal i prinsippet følgja den same læreplanen som i den offentlege grunnskulen.
Dette kravet gjeld sjølv om føresette berre overtek opplæringsansvaret for ein kortare periode. Skulen/rektor må derfor motta, og skal tilrå, ein opplæringsplan for eleven. Opplæringsplanen kan vera lik klassen sin opplæringsplan for den aktuelle perioden, men opplevingane, inntrykka og impulsane eleven er forventa å ha i den perioden heimeopplæringa pågår, bør òg koma til uttrykk i planen.
Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at opplæringa vert gjennomført på ein tilfredsstillande måte. Skulen/rektor har det praktiske tilsynsansvaret.
Skulen kan avslå å godkjenna ei melding om heimeopplæring, eller eventuelt kreva at eleven kjem tilbake til skolen, dersom heimeopplæringa ikkje vert gjennomført i samsvar med intensjonane i opplæringslova.
Søknad om skulefri