Vedtekter skulefritidsordninga

Vedtektene for SFO er vedtekne i Eidfjord kommunestyre 16.12.2019.
Vedtektene er revidert og gjeld frå 11.10.2022

1. Eigartilhøve

Vedtektene gjeld skulefritidsordninga, SFO ved Lægreid skule.

2. Lovverk

SFO ved Lægreid skule skal drivast i samsvar med opplæringslova, § 13 – 7.

3. Forvaltning

Kommunestyret vedtek vedtektene for SFO.

4. Føremål

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born på 1. – 4. klasse og born med særlege behov på 5. til 7. klasse.

SFO skal elles drivast i samsvar med skulen si målsetjing. Innhald og aktivitetar skal leggja til rette for leik, fritids- og kulturaktivitetar. Kulturskulen er ein viktig samarbeidspartnar.

Det skal utarbeidast ein årsplan for aktivitetar for SFO. I tillegg vert det skrive SFO-post heim til føresette 4 – 5 gonger i året. Den vert sendt heim i VFS(Visma Flyt Skole).

5. Styring og leiing

Rektor er administrativ og pedagogisk leiar for SFO. Rektor kan delegera det administrative arbeidet med SFO til assisterande rektor ved skulen. Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for SFO.

6. Personale

Det skal vera slik bemanning:

  •  5  – 11 born: 1 vaksen
  • 12 – 22 born 2 vaksne
  • 23 – 33 born 3 vaksne
  • 34 – 44 born 4 vaksne
  • 45 - 56 born 5 vaksne

SFO vert ikkje oppretthalden dersom det ikkje er tekne inn fleire enn 5 born.

7. Leike- og opphaldsareal

SFO har base i same areal som 1. klasse ved skulen. Når det er mange born som brukar tilbodet, må også dei andre romma til småtrinnet nyttast. SFO brukar elles skulen sine uteareal, idrettshallen og andre rom etter trong.

8. Opningstid og ferietilbod

SFO gjev tilbod i tidsrommet frå kl. 0715 til 1630 på alle skuledagar og på ferie- og fridagar etter skuleruta. Dei 3 siste vekene i juli er SFO sommarstengt. SFO er stengt på skulen sine planleggingsdagar (inntil 6 dagar, sjå skuleruta). SFO er stengt i påske- og juleferien. SFO er open i ferieveker og elevfrie dagar så langt det er nokon påmeldte. Påmelding skal bestillast på skule@eidfjord.kommune.no tre veker før. Datofristane for bestilling ligg i SFO sin årsplan. Dagar som ikkje er avbestilt før fristen går ut, vert fakturert.

9. Opptak

Det kan søkjast opptak for alle born på 1. – 4. klasse. I særlege høve kan det også gjevast plass til born på 5. – 7. klasse. Søknad om opptak skjer via Visma Flyt Skole. Søknadsfrist er 1. mai og vert kunngjort på heimesida til kommunen, kommunal app og via skulen Rektor føretek opptaket. Nye elevar vert registrert på Lægreid skule som 0. klasse, og kan søkja via Visma Flyt Skole.

10. Oppseiing av plass

Oppseiingstida er 1 månad rekna frå den 01. i neste månad og oppseiinga skal skje skriftleg i VFS. Oppseiingstida kan fråvikast etter søknad, t.d. ved sjukdom eller flytting. Tilbodet er aktivt, også på tvers av skuleår, fram til oppseiing.

Ved manglande betaling for SFO-plassen, kan kommunen sei opp plassen med 1 månads skriftleg varsel.

11. Endring av plass

Føresette kan endre SFO-tilbod gjennom året. Varsel om endring vert gjort i Visma Flyt Skole. Endringa trer i kraft etter 1 månad.

12. Foreldrebetaling

Kommunalt vedtak gjeld frå 01.08.2023: Elevar i 1. – 4. klasse har 12 timar prisreduksjon i ettermiddags-tilbod, heile skuleåret. Dei betalar normal takst for morgontilbod. Kommunalt vedtak gjeld frå 01.01.2023 – ny reduserte prisar på ferietilbod og elevfrie dagar.  

Betalingssatsane vert fastsette ved kommunen si budsjetthandsaming. Sjå prisliste på heimeside. 

Betalinga skal skje forskotsvis kvar månad for 9 månader, juni, juli og desember er betalingsfri. 
Det vert teke atterhald om at betalingssatsane kan verta endra i avtaleperioden som fylgje av vedtak i kommunestyret. 

13. Endring i vedtektene

Rektor/einingsleiar kan gjera mindre endringar i vedtektene. I slike høve skal rektor drøfta endringane med FAU på førehand. Endringar som medfører endra rammer og/eller økonomiske konsekvensar, skal avgjerast av kommunestyret.

14. Tilsyn

Statsforvaltaren er tilsynsmynde for grunnskulen, og såleis også for SFO.
Vedtektene er vedtekne i Eidfjord kommunestyre 16.12.2019.