1. Eigartilhøve
Vedtektene gjeld vaksenopplæringa(VOX) i Eidfjord kommune.
2. Lovverk
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for innvandrere som har kome til Eidfjord i seinare tid(introduksjonsloven, sjå Lovdata.no).
3. Forvaltning
Kommunestyret vedtek vedtektene for vaksenopplæringa.
4. Føremål
Vaksenopplæringa i Eidfjord kommune skal gje norskundervisning for vaksne framandspråklege. Kursa kan føre fram til norskprøve på nivå A1, A2, B1 og B2
VOX har i hovudsak to ulike tilbod:
Tilbod 1 er frivillig for dei som ynskjer å skaffa seg eit betre språkleg grunnlag for kvardagen. Både når det gjeld arbeid, fritid og utdanning. Det er viktig og naudsynt om ein ynskjer å søkje norsk statsborgarskap.
Tilbod 2 gjeld for dei som må møta til undervisning for å behalde rettigheiter dei mottek. For denne deltakaren er det krav til deltaking, vedkommande får dekkja utgifter til matriell. Undervisninga skal så langt som råd tilpassast den enkelte sitt behov og ynskje, men ikkje på bekostning av andre elevar.
Undervisningstider og kontaktperson skal alltid væra tydeleg opplyst på kommunen sine sider.
5. Styring og leiing
Rektor ved Lægreid skule er administrativ og pedagogisk leiar for vaksenopplæringa. Rektor kan delegera det administrative arbeidet med vaksenopplæringa til ansvarleg lærar.
6. Personale
Det skal være ein fast ansvarleg lærar på VOX. Timane vert justert etter kor mange elevar som til ei kvar tid er påmeld til undervisninga. Er det få elevar, vert ansvarleg lærar og brukt til ordinær undervisning ved Lægreid skule.
7. Kurslokalet
Vaksenopplæringa har kurslokalet i Lægreid gamle skule, Lægreidsvegen 5, 5783 Eidfjord.