Kommunalt utdanningsstipend

Kommunalt utdanningsstipend

Regelverket er endra i tråd med kommunestyresak 55/00

Søknadsskjema kommunalt utdanningsstipend

 

1. Grunnlag

I samband med årsbudsjett og økonomiplan fremjar rådmannen kvart år framlegg til totalbeløp som skal stimulera skuleungdom frå Eidfjord til utdanning ut over grunnskulen sitt nivå for heimebuande.

2. Omfang

Midlane skal mellom anna nyttast til å tildela kommunalt utdanningsstipend for elevar under 20 år på vidaregåande skule sitt nivå i inntil 4 år.  Det er berre heimebuande som kan søkja. Stipendet skal tilpassast lengda på skuleåret og omfanget av studiane.

3. Vilkår

Søkjaren må vera busett i kommunen i den tida stipendet gjeld for.  Dette skal kontrollerast mot folkeregisteret.  Søkjaren kan ikkje motta andre offentlege utdanningsstønader, med unnatak av Statens Lånekasse.  Dette skal kontrollerast mot andre offentlege instansar. Søkjaren må fullføra den perioden stipendet er tildelt for.  Dersom søkjaren ikkje fullfører den perioden stipendet er tildelt for, kan søkjaren få avkorta stipend neste år.

4. Krav til utdanninga

  1. Utdanninga må skje ved ein godkjend institusjon og vera lagt opp som fulltidsutdanning eller deltidsutdanning.
  2. Dette utdanningsstipendet omfattar ikkje lærlingar eller andre med løn i samband med utdanninga.

5. Tildeling

  1. Rådmannen tildeler utdanningsstipend etter vedtak om delegasjonsreglement for Eidfjord kommune frå 01 07 98.  Avgjerda kan ankast inn for Eidfjord formannskap.
  2. Stipendet vert fordelt over heile skuleåret med utbetaling ein gong pr månad. Søkjaren som tek halvårleg utdanning søkjer samtidig. Stipendordninga skal kunngjerast i lokalavisene med søknadsfrist 1. september for årsstudie. Søknadsfristen er 1. september og 1. januar for halvårlege studie.
  3. Formannskapet kan i spesielle høve fråvika desse reglane.

6. Endring

Eidfjord formannskap kan endra desse reglane etter framlegg frå rådmannen.