Eigenberedskap

Eigenberedskapsveka 2025 er ei nasjonal kampanjeveke som blir arrangert i veke 44, frå 27. oktober til 2. november, og har som mål å styrke befolkninga si evne til å klare seg sjølv ved kriser og uforutsette hendingar

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. Saman gjev me auka trykkleik blant innbyggjarane våre. 

 

 

Har du tenkt over om kva du gjer eller kva behov du har om:

  • me er uten straum over fleire dagar?
  • me ikkje har tilgang til drikkevatn i springen?
  • me mistar tilgangen til Internett/mobilnett?
  • me ikkje får tilgang til å kjøpa mat i butikken?

Last ned brosjyren om eigenberedskap her (PDF, 4 MB)

Beredskapsvenn

Me bør alle ha eit lager med mat, vatn, batteri, nødvendige medisinar etc i boden/kjellaren. Men me kan ikkje plassera ein beredskapsvenn i boden. Beredskapsvenn er viktig fordi felleskap og samarbeid er ein ressurs i ei krise.

Ein beredskapsvenn kan vera familie, venn, nabo, kollega som kan bista deg ved behov;

  • Omsorg og støtte
  • Opphald og overnatting
  • Deling av utstyr og varer
  • Praktiske oppgåver 

Styrk eigenberedskapen din!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritera dei som treng mest hjelp.  

Ved å vera førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakka om at du får betre tid på deg til å planleggja vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.  

Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn inga!  
Det er utarbeidd ei sjekkliste som kan hjelpa deg å vera betre førebudd.

Last ned sjekkliste (PDF, 507 kB)

 

Stand på Joker Eidfjord

Beredskapskoordinator har i 2025 laga til ein stand på Joker i Eidfjord. Her synleggjer me kva som er nokre av dei viktigaste behova me treng vert dekka. 

Ta ein titt, og så håpar me du let deg inspirera til å tenkja gjennom kva du og dine treng ha i beredskap. 

 

Er du nysgjerrig - arrangerer Voss Herad mange ulike foredrag komande veka om beredskap.  Alle arrangementa er gratis å delta på.

Eigenberedskap for ei veke

Her finn du døme på ting som er lurt å ha heime
Gå gjennom behova dine, og sjå på kva løysingar som er mogleg der du bur. Hugs at familie, venar og naboar kan samarbeida om eigenberedskap.  Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom.

Ynskjer du meir informasjon - tilrår me denne filmen:

 

Informasjon om eigenberedskap på ulike språk | Sikkerhverdag

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 97 76 71 80