Jodtablettar

Mange innbyggjarar spør om kommunen har jodtablettar i beredskap.

Kommunen og tablettar

Kommunen har bestilt jodtablettar slik at me får eit beredskapslager for barn og unge under 18 år, samt for gravide og ammande. Det er desse gruppene styresmaktene anbefalar at kommunane har beredskapslager for. 

Beredskapslageret for barn vert distribuert ut til skulane og barnehagane i Eidfjord, slik at dei skal kunne fordelast raskt til barna dersom det vert behov for dette. 

Lite truleg

Det er elles slik at Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at det er lite truleg at det vert nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Direktoratet sitt generelle råd (uavhengig av krigen i Ukraina) er likevel at alle under førti år bør ha jodtablettar lagra heime. 

Kjøpa tablettar

Tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek, og sjølv om apoteka no kan vera utseld for jodtablettar, melder sentrale myndigheiter at det er store mengder på veg ut til grossistar og apotek. 

Jodtablettar skal berre takast etter råd gjeve frå styresmaktene. 

Utlevering

Dersom styresmaktene kjem med råd om å ta jodtablettar vil tablettar til ungdom under 18 år, som ikkje er skuleelevar i kommunen og som ikkje får utlevert tablettar på vidaregåande skule, kunne hentast ved Eidfjord legekontor. Det same vil gjelda for gravide og ammande.  

Meir informasjon