Totalforsvarsåret 2026

Totalforsvarsåret 2026 har som hovedmål å forbrede det sivile samfunnet på å håndtere alvorlege kriser og potensielle krigsituasjonar. 

Kva er Totalforsvarsåret?

Når verda er uroleg, gir det tryggleik  å vera førebudd. Det er krig i Europa, og digitale angrep og forsøk på påverking skjer oftare. Det er ingen omgåande fare for krig i Noreg, men me skal vera betre førebudd på alvorlege hendingar.
Totalforsvaret er summen av Noreg sine sivile og militære ressursar, som jobbar saman for å førebygga og handtere kriser, væpna konfliktar og krig.  

Dette gjer Eidfjord kommune

Kommunen skal syta for at kritiske tenester fungere også i ei krise. Kommunal kriseleiing skal vera tydeleg og samordne me andre lokale aktørar og nabokommunar. 
Kommunen fylgjer nasjonale føringar og ynskjer å byggja eit mostandsdyktig lokalsamfunn. 

Innbyggjar - kva kan du gjera?

Myndigheitene i Noreg anbefaler alle å vera førebudd, og kunne klare seg sjølv i minst ei veka. Det gjer at naudetater, kommunen og andre aktørar kan bista der det trengst mest. 

God eigenberedskap er ein i investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. Tenk og gjennom kva jobben din har av eigenberedskap ved ei krise. Kva skal til for at me klarer å halda “hjula i gang” på ein best mogleg måte?

Myndigheitene sine eigenberedskapsråd kan du lese her: Eigenberedskap

Hald deg oppdatert

Vær klar over kvar du finn informasjon i ei krise, dersom me er uten straum, telefon og internett. Vær bevisst på informasjon og vær kildekritisk. 

Øving

Øving gjer oss betre og meir bevist på både svakheiter og styrkar. Eidfjord kommune skal gjennomføra øvingar iløpet av 2026, derav og delta i den nasjonale øvinga - Noreg øver i Oktober.

Ytterligare informasjon om Totalforsvarsåret

Totalforsvarsåret 2026 - Forsvaret
Totalforsvarsåret 2026 - DSB