Nok. Bergen
Hjelpetilbod etter seksuelle overgrep
Ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Kompetansesenter mot seksuelle overgrep (Nok. Bergen) sikrar alle innbyggjarar tilgang til tenestene til senteret. Nok. Bergen er eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod til personar som har vore utsett for seksuelle overgrep og deira pårørande. Dei tilsette på senteret har kompetanse på seksuelle overgrep, traume og traumesensitiv tilnærming. Det trengst ingen tilvising for å nytta tilbodet. Nok. Bergen gjev tilpassa tilbod til barn mellom 12 og 17 år.
Nok. Bergen er eit supplement til offentlege helsetenester, og er gratis tilgjengeleg for alle innbyggjarar i tidlegare Hordaland fylke. Tilbodet supplerer kommunane sine eigne tenester til vald- og overgrepsutsette.
Filialar
Nok. Bergen held til på St. Jakobs plass 9 i Bergen, men har òg filialar på Stord, Voss og Norheimsund.
- Hovudkontoret er ope kvardagar frå klokka 09 til 15:30.
- Opningstider Stord: Torsdagar i partalsveker kl. 15.30 til 19.30.
- Opningstider Voss/Norheimsund: Fredagar i oddetalsveker kl. 10 til 14 (berre etter avtale)
Eg er utsett eller pårørande – korleis kan eg få hjelp?
Nok. Bergen gjev i hovudsak rettleiing gjennom individuelle samtalar med fagleg rettleiar. Det er òg mogleg å delta i partnar- og familiesamtalar. For personar som ikkje har mogleik til å reisa til Bergen eller filialane, kan samtale skje over telefon eller video.
På hovudkontoret i Bergen kan du delta i grupper. Form og tema for gruppene varierer etter behov. På senteret kan du òg jobba bearbeidande gjennom å utforske sansar, musikk og kreativitet saman med ein fagleg rettleiar.
Eg er tilsett/fagperson – korleis kan eg nytta tilbodet?
Nok. Bergen er ein fagressurs som tilbyr råd og rettleiing i spørsmål som handlar om seksuelle overgrep, på systemnivå eller i enkeltsaker. Alle rettleiingssaker kan drøftast anonymt.
Senteret tilbyr tilpassa undervisning til skuleklassar, studentar, lærarar, helsepersonell og andre fagpersonar, etter kapasitet og behov. Ein oversikt over aktuelle undervisingsopplegg finst på heimesida. Hjå Nok. Noreg finst nokre nyttige brosjyrar for helsepersonell og utsette/pårørande i digitalt format.
Slik kontaktar du Nok. Bergen
Dersom du ønskjer å nytta deg av senteret sitt tilbod som utsett eller pårørande, kan du bruka dette skjemaet:
https://www.nokbergen.no/henvendelseomtilbud/
Det er òg mogleg å ringe, sende SMS eller e‑post for å avtale tid.
Sjå nokbergen.no for meir informasjon om tilbodet. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram for hyppige oppdateringar om tilbod og aktivitetar.