Eidfjord har 1,5 stilling innan fysioterapi og er lokalisert i kjellaren under helseavdelinga på kommunehuset.
Den grunnleggjande oppgåva er å betra mennesket si funksjonsevne. Fysioterapeuten arbeider med menneske som vert utsette for eller utviklar sjukdom, lidingar eller plager i bevegelsessystemet. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å skapa forståing for korleis sjukdom og skadar oppstår, slik at det og blir eit eige ansvar å førebyggja
Behandlingsformer
Fysioterapeuten vel behandlingsform og metode etter ei grundig undersøkjing og etter pasienten sitt behov. Dei ulike behandlingsformene er øvingar, trening i ulike former, massasje, kulde/varmepakningar, elektroterapi, psykomotorisk behandling og manuell terapi.
Ansvarsområde
Fysioterapitenesta har ansvar for og arbeider i høve til alle aldersgrupper. Me arbeider førebyggjande og aktivt behandlande i høve til alle grupper. Me deler ansvarsområda i:
- Fysioterapi for barn 0 - 16 år
- Fysioterapi for ungdom/ vaksne 16 - 66 år
- Fysioterapi for eldre over 67 år
- Habiliterings- og rehabiliteringstenesta
Prisar
Prisar for fysioterapi