Du får den totale oversikten over tilrådde vaksinar for vaksne på FHI sine nettsider, men me vil likevel framheva nokre sjukdomar der det er ekstra viktig at du som er i målgruppa vel å ta vaksine.
Influensa
Alle over 65 år og i risikogruppene bør ta den årlege influensavaksinen om hausten.
Lungebetennelse
Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse) vert tilrådd for innbyggjarar over 65 år og personar med risiko for alvorleg sjukdom.
Fra og med 2025 vil alle som er 65 år få tilbod om pneumokokkvaksine i Vaksenvaksinasjonsprogrammet.
Les meir om pneumokokkvaksinar på FHIs sider.
Korona
Alle over 65 år og i risikogruppene bør ta haustens koronavaksine.
Difteri, kikhoste, tetanus og polio
Vaksne som ikkje tidlegare er vaksinert med tre dosar vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio, bør sørgje for at dei får dette (grunnvaksinasjon).
Alle personar som er grunnvaksinert mot difteri, tetanus, kikhoste og polio, bør få ein oppfriskningsdose kvart tiande år.
Kikhoste
Gravide får no tilbod om denne vaksinen gratis på svangerskapskontroll for å beskytte barnet når det er nyfødt.