Klage på helsetenester

Klage på helsetenester

Du kan klaga til Statsforvaltaren dersom du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Du kan òg klaga på manglande helsehjelp, eller dersom du meinar at du har rettar som ikkje er oppfylte.

Klage på helsehjelp - skjema

Når du nyttar dette skjemaet, vil statsforvaltaren få dei opplysningane dei treng for å kunne vurdera klaga di. Treng du hjelp til å fylla ut skjemaet, ta kontakt med statsforvaltaren. Du kan òg avtala ein annan framgangsmåte for å få levert klaga di.

Dersom klaga gjeld ei alvorleg hending i helsetenesta, kan du melda dette direkte til Statens helsetilsyn.