Kosthald og ernæring

God og riktig mat gjennom heile livet er grunnleggande for vekst, utvikling, helse og livskvalitet.

Variert kosthald

Helsedirektoratet tilrår den generelle befolkninga eit variert kosthald med mykje mat frå planteriket, grønsaker, frukt, bær, grovt brød, fullkornsprodukt, fisk, sjømat, bønner, linser, mjølk og meieriprodukt med mindre feitt, og vatn. Det er tilrådd å eta minst mogleg omarbeida kjøtt, godteri, snacks og søte bakevarer. Nøkkelhullsmerket skal gjera det enklare å ta sunnare val. 

Du finn råda til Helsedirektoratet på denne lenka.   
 

Samarbeid

Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune samarbeider interkommunalt og har tilsett to klinisk ernæringsfysiologar. Dei jobbar i hovudsak for å styrka det systematiske ernæringsarbeidet og den ernæringsfaglege kompetansen i kommunane.Dei jobbar òg med ulike interkommunale prosjekt.

Kostsirkel - Klikk for stort bilete Helsedirektoratet


  

Kontakt

Eli Skeie
Klinisk ernæringsfysiolog
E-post
Mobil 48 86 67 27
Therese B Aase
Klinisk ernæringsfysiolog
Mobil 98 90 47 08