Du får den totale oversikten over tilrådde vaksinar for vaksne på FHI sine nettsider. Me vil likevel framheva nokre sjukdomar der det er ekstra viktig at du som er i målgruppa vel å ta vaksine.
Influensa
Alle over 65 år og i risikogruppene bør ta den årlege influensavaksinen om hausten.
Influensavaksine – håndbok for befolkningen - FHI
Lungebetennelse
Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse) vert tilrådd for innbyggjarar over 65 år og personar med risiko for alvorleg sjukdom.
Frå og med 2025 vil alle som er 65 år få tilbod om pneumokokkvaksine i Vaksenvaksinasjonsprogrammet.
Les meir om pneumokokkvaksinar på FHIs sider.
Korona
Alle over 65 år og i risikogruppene bør ta haustens koronavaksine.
Koronavaksine – håndbok for befolkningen - FHI
Difteri, kikhoste, tetanus og polio
Vaksne som ikkje tidlegare er vaksinerte med tre dosar vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio bør sørgje for å få dette (grunnvaksinasjon).
Alle som er grunnvaksinerte mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio bør få ein oppfriskingsdose kvart 10. år. Gravide får no tilbod om denne vaksinen gratis på svangerskapskontroll for å beskytte barnet når det er nyfødd.