Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er ein del av kommunen sitt førebyggande helsearbeid. Vi er opptatt av å redusera negative verknader i miljøet som påverkar folk sei helse og ta vare på dei miljøkvalitetane som bidrar positivt til å fremja helsa og livskvalitet til innbyggarane.

Miljøretta helsevern omfattar

Arbeidet med Miljøretta helsevern omfattar alle faktorar som direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa til mennesker.

Dette inkluderer blant anna:

  • Biologiske faktorar
  • Kjemiske faktorar
  • Fysiske faktorar
  • Sosiale faktorar

Arbeidet består av mellom anna godkjenning, tilsyn, råd og rettleiing

Miljøretta helsevern arbeider med alle sektorar i samfunnet som har innverknad på folkehelsa.

Meldepliktige verksemder

 

Radon

Eidfjord kommune er ein høgrisiko-kommune der me ynskjer at alle innbyggarane målar radon.

Har min bustad eit radonproblem?

Det er ikkje mogleg å sei om akkurat din bustad har eit radonproblem utan å gjennomføra måling. Er det for høgt nivå bør du gjera tiltak for å få ned nivå frå helsefarleg til akseptabelt nivå.

For utleigebustader er det gitt grenseverdi for radonnivået i Strålevernforskrifta, og utleigar skal syta for at det er kartlagt radon dersom han/ho skal leiga ut.

Bestilling av radonmåling

Eidfjord kommune tilbyr radonmåling til innbyggjarar. Føresetnaden for tilbodspris er at måleresultat vert gjort tilgjengeleg for kommunen, som dermed vil få eit betre grunnlag for å vurdera radontilhøva i kommunen. Måleresultat vil ikkje publiserast på ein slik måte at enkeltmålingar kan kjennast igjen.

Regelverk og rettleiing

Forskrift om strålevern og bruk av stråling (strålevernforskriften)
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA): Slik måler du radon
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA): Tiltak mot radon i inneluft

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Mobil 53 67 35 50

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117