Mitt Aidn

Aidn gjev betre oversikt og kommunikasjon mellom helsepersonell, pasientar og pårørande. Som del av løysinga finn du Mitt Aidn, ei digital teneste for innbyggjarar.

Søk om pleie- og omsorgstenester - Mitt Aidn

Kva er Mitt Aidn?

Mitt Aidn gjer det enklare å ha kontakt med helse- og omsorgstenestene i kommunen. Du kan bruka tenesta både som pasient og som pårørande.

Gjennom mitt.aidn.no kan du:

  • Senda og motta meldingar med helsepersonell
  • Få oversikt over avtalar, besøk og oppfølging
  • Sjå kva som skjer – når det skjer, til dømes behandlingsplanar og vedtak
  • Involvera pårørande i oppfølginga
  • Søkja om helse- og omsorgstenester digitalt

Kven kan bruka Mitt Aidn?

Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i Eidfjord får automatisk tilgang til Mitt Aidn. Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.

Pårørande kan òg få tilgang dersom brukaren har gjeve samtykke. Den pårørande må sjølv logga inn på mitt.aidn.no og senda ein førespurnad om tilgang. Kommunen kontrollerar at samtykke ligg føre før tilgangen vert godkjend.

Merk: Pårørande får ikkje tilgang automatisk, og brukaren kan når som helst trekka samtykket tilbake.

Slik kjem du i gang

  1. Gå til mitt.aidn.no
  2. Logg inn med BankID

Du loggar inn med BankID, og all kommunikasjon skjer trygt og sikkert. Tenesta fungerer best på mobil, men kan også brukast i nettlesar på PC.

Har du spørsmål om Mitt Aidn?

Les meir på aidn.no/innbygger eller ta kontakt med Eidfjord bygdaheim
 

Kontakt

Bygdaheim Eidfjord
Sentralbord
Mobil 53 67 35 70

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord