Søk om pleie- og omsorgstenesterAidn gjev betre oversikt og kommunikasjon mellom helsepersonell, pasientar og pårørande. Som del av løysinga finn du Mitt Aidn, ei digital teneste for innbyggjarar. Publisert 25.11.2025 09.43 Sist endra 13.03.2026 11.28 Søk om pleie- og omsorgstenester - Mitt AidnKva er Mitt Aidn?Mitt Aidn gjer det enklare å ha kontakt med helse- og omsorgstenestene i kommunen. Du kan bruka tenesta både som pasient og som pårørande.Gjennom mitt.aidn.no kan du:Senda og motta meldingar med helsepersonellFå oversikt over avtalar, besøk og oppfølgingSjå kva som skjer – når det skjer, til dømes behandlingsplanar og vedtakInvolvera pårørande i oppfølgingaSøkja om helse- og omsorgstenester digitaltKven kan bruka Mitt Aidn?Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i Eidfjord får automatisk tilgang til Mitt Aidn. Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.Pårørande kan òg få tilgang dersom brukaren har gjeve samtykke. Den pårørande må sjølv logga inn på mitt.aidn.no og senda ein førespurnad om tilgang. Kommunen kontrollerar at samtykke ligg føre før tilgangen vert godkjend.Merk: Pårørande får ikkje tilgang automatisk, og brukaren kan når som helst trekka samtykket tilbake.Slik kjem du i gangGå til mitt.aidn.noLogg inn med BankIDDu loggar inn med BankID, og all kommunikasjon skjer trygt og sikkert. Tenesta fungerer best på mobil, men kan også brukast i nettlesar på PC.Har du spørsmål om Mitt Aidn?Les meir på aidn.no/innbygger eller ta kontakt med Eidfjord bygdaheim