Her får du krisehjelp

Eidfjord kommune har eit hjelpetilbod for innbyggere som opplever akutte kriser i nære relasjonar, til dømes samlivsbrot, ulykker, brå død eller sjølmord. Det er fastlegen som gir akutthjelp i enkeltsaker.

Kven skal du ringja?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Eidfjord legekontor tlf. 53 57 35 50 kl 08.00-15.00
  • Legevakt tlf. 116117, når fastlege ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og det står om liv

Når du ringer 116117 kjem du til legevaktssentralen. Nummeret er gratis å ringa og betjent heile døgeret. Uansett kvar du er i landet kan du ringa 116117. 

Kva aldersgrupper er tilbodet retta mot?

  • Alle aldersgrupper
  • For dei under 18 år vert og helsesjukepleier/helsestasjon for ungdom kontakta

Linker

Helsenorge

Selvmordstanker og selvmord