Kommunepsykolog

Eidfjord kommune har kommunepsykolog ein dag i veka.

Mål

Målsettinga med psykisk helsearbeid i kommunen er å bidra til å fremma sjølvstende og styrkja evna til å meistre eige liv for menneske med psykiske lidingar. Psykisk helse gjev også tilbod til dei med moderate psykiske plager eller vanskar, og til dømes ved livsskrisar der det kan vera tilstrekkeleg med hjelp ein kortare periode.

Tilbod

Kommunepsykologen skal tilby:

  • undervisning og rettleiing 
  • bistand på systemnivå med evaluering, tenesteutvikling og kommunalt plan og utgreiingsarbeid
  • samarbeid med andrelinetenesta mm.
  • individualsamtalar

Kommunepsykologen sitt kliniske arbeid er meint å vera eit lågterskeltilbod og ha fokus på å førebygging av psykiske vanskar. Kommunepsykologen skal bidra til å løfta kompetansen om psykisk helsa i kommunen.

Pris

Tenesta er gratis

Kontakt

Kontakt fastlege for tilvising

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Mobil 53 67 35 50

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117

Akutt psykisk helsehjelp
Ved livstruande tilstander
Mobil 113

Hvis du treng akutt psykisk helsehjelp,
ta kontakt med din fastlege eller legevakt.
Ved livstruande tilstander ring 113.