Bustønad

Bustønad

Føremålet med bustøtteordninga er å hjelpa husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablera seg og verta buande i ein trygg og god bustad.

Kva er bustønad?

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. Du kan også søkja om bustønad til private bukollektiv.

Sjekk om du kan få bustønad

Korleis søkjer ein bustønad?

Ynskjeleg at du søkjer elektronisk. Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter..

Søk bustønad

Me ynskjer at du søkjer elektronisk, men eventuelle papirsøknadar kan sendast til:

NAV Eidfjord
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Kva endringar må eg melda frå om?

Dersom du får bustønad, treng du ikkje søkja kvar månad. Men du må melda frå skriftleg til NAV Eidfjord dersom:

  • Det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (skriftleg/eige skjema)
  • Du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkja på nytt)
  • Ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • Bukostnadene endrar seg
  • Ein i huslyden vert student

Meld frå om endringar

Klage på vedtak

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylla ut eit eige klageskjema. Klagen skal du senda til NAV kontoret i Eidfjord kommune.

Klage på vedtak om bustønad

Ønskjer du å søkja bustønad for komande månader, må du senda inn ny søknad til kommunen

Meir informasjon og regelverk

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustønadssider 
Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Lov om bustønad
Forskrift om bustønad

Kontakt

NAV Eidfjord
Telefon 55 55 33 33
Reidar Meel
Organisasjonssjef

(begynner 1 september 2019)

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord