Avlastningstiltak

Avlastningstiltak

Avlastning for foreldre/pårørande  med tyngande omsorgsoppgåver

Retten til avlasting gjeld alle med særleg tyngande omsorgsoppgåver.
Avlastningstiltak for born og unge er lagt til NAV kontoret ved sosialtenesta.
Avlastningstenesta for pårørande for vaksne er lagt til pleie- og omsorg i Eidfjord kommune.

Tenesta skal:

  • Hindra utmatting
  • Gjera det mogeleg å oppretthalda gode familierelasjonar
  • Oppretthalda sosiale nettverk
  • Ta del i vanlege samfunnsaktivitetar

Målgruppe:
Alle personar som har tyngande omsorgsarbeid kan ha rett til hjelp, som;

  • frivillige omsorgsytarar t.d. ektefelle, barn eller anna familie
  • foreldre med omsorgsplikt for mindreårige barn
  • Når barn skal i avlastning, er det særs viktig at foreldra bidreg med opplæring av dei som skal vera med barnet. Foreldre har også eit medisinansvar for barn som nyttar medisin samt eit ansvar for at barnet har med seg naudsynte ting til avlastninga som klede og liknande. 

Organisering:
Avlastinga kan organiserast på ulike måtar:

  • Heima hjå tenestemottakar
  • Avlastning for born vert i hovudsak gjeve i private heimar på døgn eller timebasis
  • For vaksne kan og institusjonopphald verta vurderet

Tenesta er gratis.

Søk om avlasting

Send utfylt og signert skjema til:
Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Tenesta vert gitt med heimel i:
Forvaltningslova
Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1 og 3-6
Pasient og brukerretighetsloven § 2-8; § 7-2