Følgjekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du få eit følgjekort

Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp, same høve som andre til å delta i samfunnet, utan å måtte betala dobbel pris/inngangsbillett. Mot at den funksjonshemma sjølv betalar ordinær billett, får ho/han ta med seg følgje gratis der ein godkjenner følgjekort.

Ordninga skal gje auka tilgjenge til offentlege kultur- og fritidsarrangement, transportmidlar, hotell opphald, frivillige lag og organisasjonar og andre sosiale arrangement. Følgjekort skal fungera som eit verkemiddel til å førebyggja isolasjon og dermed medverka til å gje auka livskvalitet.
 


Søk om følgjekort

Utfylt og signert skjema, legeerklæring og passfoto skal sendast til:
Eidfjord kommmune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord