Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.

Godkjenning gjev deg rett til å parkera på offentleg skilta og reservert parkeringsplass.
Parkeringsløyve er berekna for bilførar eller passasjer med særleg parkeringsbehov knytt til bustad, arbeid og/eller anna aktivitet.

Rørslehemma som ikkje køyre sjølv, skal som hovudregel køyrast til framkomststaden og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjera dette.
Løyvet vert til vanleg gjeve for 2 - 5 år. Ved ytterlegare behov må ny søknad framsetjast etter utgått gyldig dato.
 


Søknadsskjema 

Utfylt og signert søknadsskjema og legeerklæring skal sendast til:
Eidfjord kommmune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Tenesta vert gitt med heimel i: