Støttekontakt/fritidskontakt

Støttekontakt/fritidskontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Målet er å gje deg ei meiningsfull fritid saman med andre.

 

I Eidfjord kommune er støttetiltak for born og unge lagt til sosialtjenesta ved NAV kontoret.
For vaksne til pleie- og omsorgstensta.

Korleis få støttekontakt?
Dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla, har krav på bistand.

Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren avgjer kva for tenester som skal gjevast, medrekna støttekontakt.

Tenesta er gratis.

Søk om å få støttekontakt

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Tenesta vert gitt med heimel i:
Forvaltningslova
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2, 6b
Pasient- og brukerrettighetsloven §§ 1-1 og 7-2

Kontakt

NAV Eidfjord
E-post
Telefon 55 55 33 33
Bygdaheimen
Sentralbord
Telefon 53 67 35 70