Informasjon om motorferdsel i utmark – landing med helikopter

Eidfjord kommune ynskjer å orientera om reglane som gjeld og korleis me håpar å gjennomføra ei smidig praksis. Ordningane under gjeld utmark utanfor Hardangervidda nasjonalpark i Eidfjord.

Retningsliner

Motorferdselutvalet har innanfor råmene til lov om motorferdsel i utmark vedteke slike retningsliner:

  1. Løyve kan gjevast til eigar/dokumentert leigar av jakt/fiskebu, turisthytte eller stølshus og utøvar av almenningsrett (storviltjakt, garnfiske, beitebruk) i statsalmenninga.
  2. Transporten skal vera naudsynt og om mogleg samordna med anna transport til området. Sameige/grunneigarlaget vert oppmoda til å gi innspel til ønskt omfang i området.

    b) Det kan gjevast løyve til bruk helikopter/sjøfly til transport til hytter/stølshus/jakt- og fiskebuer for:
    • uttransport av felt storvilt og utbytte frå garnfiske frå eit omfang på minst 50 garndøgn
    • material, utstyr og proviant som ikkje let seg transportera på vinterføre
    • eldre/uføre med lang tilknytning til området
    • fiskekultivering
    d) Lufttransport som ikkje absolutt må utførast i yngle- og hekktida skal utførast etter 15. juni.
    Transport på barmark skal om mogleg samordnast og bør utførast i tida 15. juli til 30. november.

Frå saksutgreiinga vert vidare teke inn;

Det er og laga ein liten «landingsrampe» på Kløve øvst i Kvamsdalsvegen. Denne er ikkje regulert som landingsplass. Den er bygd utanfor sjølve vegen og er difor å rekna som utmark. 

Noko tilsvarande transport er utført frå vegenden på Hjølmoberget, her er det ikkje etablert eigen permanent landingsplass.

Praksis for kor transport fakstisk skjer ifrå har variert med føremål og kor det står bilar parkert. Det kan vera praktisk når det er mange og tunge hiv å unngå transport frå nede i bygda. Samstundes er desse plassane ikkje lagt til rette for transport som gjer det naudsynt med same vurderinga etter lova som andre landingsplassar. Grunneigar skal òg høyrast/gje løyve til å bruka slik plass. 

Som følgje at nemnde plassar er å rekna som utmark krev desse løyve etter lov om motorferdsel i utmark for landing og letting.

Bruk av «longline»

Longline er eit uttrykk for lang lasteline (15m) som heng under helikopteret. Denne vert brukt i samband med mange lasteoppdrag, ma. i samband med frakt av byggjematerial og uttransport av felt hjortevilt. 
Uttransport av heile dyr er kurant, då hengjer helikopteret ei stropp i Longline som jegeren trer gjennom hasane på dyra og opp att i Longline.

Dersom dei skal flyga parterte dyr, må jegeren sjølv bera med seg ein storsekk fram til slakte/hente-plassen.
Etter ein Høgsterettsdom av 08.05.2012, reknast ikkje bruk av «longline» å vera søknadspliktig når ikkje helikopteret landar.

Uttransport av felt hjortevilt

Miljødirektoratet har i samband med tiltak mot spreiing av skrantesjuke oppmoda til auka uttak av elg, hjort og villrein. Det er og etablert økonomiske kompensasjonsordningar for helikopterbruk.
 
Motorferdselutvalet følgjer opp dette og gir jeger som kan dokumentera rett til jakt på det terrenget han jaktar, rett til å rekvirera helikopter for uttransport av felt hjortevilt. Dette kan gjerast utan forutgåande søknad om landingsløyve. Det same gjeld for inn- og uttransport i samband med storviltjakt frå/til Kløvet og Hjølmoberget. Grunngjeving for dette er at det er aktuelt for helikopteret å mellomlanda på desse plassane for å festa/pakka ned longline.

Helikopterselskapet skal i etterkant rapportera til kommunen for utførte turar.

  • - uttransport av felt storvilt og utbytte frå garnfiske frå eit omfang på minst 50 garndøgn 
  • - material, utstyr og proviant som ikkje let seg transportera på vinterføre 
  • - eldre/uføre med lang tilknytning til området 
  • - fiskekultivering.