Retningsliner for løyve til køyring på vinterføre valperioden 2019-2023

Retningsliner for løyve til køyring på vinterføre valperioden 2019-2023

Utval for motorferdsel - 19/006:
Det er fatta fylgjande vedtak i saka:
Med heimel i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag §5 bokstavane b, c, d, e og f, §5a, jf. lov om motorferdsel i utmark § 4a, vert fylgjande retningsliner å følgja; 

  • Løyve kan innanfor valperioden gjevast for inntil 4 år
  • Sesongen gjeld frå 1. desember t.o.m. fyrste søndag etter 1. mai
  • Køyring er ikkje tillate mellom kl 23.00 og 07.00 i regulerte hyttefelt. Unntak er køyring som er direkte heimla i lova om løypepreparering
  • Løyve skal alltid vera med under køyring og framvisast ved kontroll
  • Det skal framgå av løyvet at søkjar er ansvarleg for kontakt med grunneigar for køyring utanfor innarbeida løypenett, f.eks avstikkar fram til hytte
  • Løyve kan gjevast til utmarksnæring og turistanlegg som ikkje ligg ved brøyta veg
  • Transport av ved utover det som er heimla i §5a. dvs. til andre stadar enn grunneigars faste bustad. Ved søknad må det framleggjast avtale med skogeigar
  • Løyve kan gjevast for transport til eigne hytter eller til hytte som søkjar har leigeavtale på. Som eiga/leigd hytte reknast og hytte eigd/leigd av foreldre eller til eigne born. Det er eit krav at hytta ligg meir enn 2,5 km frå brøyta veg. Det vert ikkje kravd innrapportering av antal turar.
  • Løyve for transport til privat hytte kan gjevast til varig uføre eller gamle med særleg tilknytning. Transporten skal utførast av ervervsløyvehavar eller person med løyve fram til søkjar sitt reisemål. 
  • Det kan gjevast løyve til gruppeturar for pleie- og omsorgsinstitusjonar, medl. av pensjonistforening eller forflytningshemma. Løyvet skal så gjevast til institusjonen/foreninga og gjelda for ei avgrensa rute. 
  • I spesielle tilfelle kan det gjevast løyve til transport av personell og utstyr, 
    •  ved større idrettsarrangement
    • i samband med drift av hytter i fjellet ålmenta kan leige

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
10.00 - 14.00

Sentralbord
10.00 - 14.00