Bjoreidalen naturreservat

Bjoreidalen naturreservat vart verna ved kongeleg resolusjon 15. desember 1995.

Bjoreidalen naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon 15. desember 1995. Naturreservatet vart oppretta med føremål å verna eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

Spesielt strengt er vernet i perioden frå og med 20. mai til og med 20. juli der all ferdsle er forbode utanom særskilt oppmerka stiar, dessutan mellom anna camping og teltslaging. Det er mogleg å setje opp telt innanfor ein radius på 30 m frå stølshusa i denne perioden. Forskrifta listar opp kva som er lov og ikkje.

Forskrift om fredning av Bjoreidalen naturreservat, Eidfjord kommune

Informasjonaplakat om Bjoreidalen naturreservat (PDF, 11 MB)