Treningsrom

Treningsrommet er tilgjengelig for brukarar over 18 år. Med unntak av ungdom over 15 år som er sertifisert til bruk av utstyret via styrketreningskurs. 

Retningsliner for bruk av treningsrommet

  1. Aldersgrensa er frå fylte 15 år. For aldersgruppa 15 - 18 år gjeld fylgjande forutsetningar:
    1. Gjennomgått  kurs med rettleiar i styrkerommet og fått sertifiseringsprov 
    2. Signatur frå føresette
    3. Får ikkje tilgang til styrkerommet etter kl. 20:00 og i skuletida
    4. Skal ALDRI trena aleine
  2. Styrkerommet er tilgjengeleg dagleg frå kl. 05:00-23:00 (for dei under 18 år gjeld punkt 1). Unntak er ved større arrangement i hallen og organisert trening i styrktreningsrommet.
     
  3. Nøkkelkortet er personleg og vert kjøpt på tenestekontoret på Eidfjord kommunehus. Saman med kortet vert det gitt ein personleg kode som skal brukast saman med kortet.
     
  4. Ingen andre enn korteigar skal vera med inn i styrketreningsrommet eller i hallen.
     
  5. Misbruk av kort fører straks til tap av kortet og retten til å nytta styrktreningsrommet/eller kjøp av nytt kort i 12 månader.
     
  6. Dersom brukaren oppdagar manglar/skade på utstyret har ein plikt til straks å melda frå til tlf. 53673500 og/eller postmottak@eidfjord.kommune.no.
     
  7. Misbruk av kort vert straks meldt til leiar i driftsstyret som gir melding om tap av kort.  Saka skal innan rimeleg tid diskuterast i driftsstyret. 
     
  8. I tråd med «lov om personopplysingar»  skal brukar informerast om at kortet kan sporast  ved inn logging. Det er kun namnet på korthaldar, og info om tidsrom som korter er gyldig, som er registrert i sporingssystemet.

 

Me ber om at dei som nyttar rommet tar omsyn til at skulen har undervisning i salen ved sida av og at det ikkje vert spelt høg musikk i undervisningstida.

Brukarane av treningsrommet ynskjer sjølve at det ikkje er meir enn 3-4 personar som trenar av gongen sidan det er trongt om plassen. No kan du bestilla plass via eige bookingsystem 

Treningsrommet har eiga fb-gruppe der det vert delt informasjon som er aktuell for brukarane. Det heng QR kode i treningsrommet, be om å bli medlem.

Anita Sæbø Myklatun er superbrukar av treningsrommet og brukarane sin representant. 

Prisar 

Styrketrening
Type kortPris
Årskort1 250,-
Halvtårskort625,-
Månadskort/periode300,-
Vekekort100,-
Ungdom 15-20 år får 50% rabatt

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 97 19 00 23

Adresse

Skulevegen 6
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
06.00 - 23.00 (styrkerommmet)