Turstiar

Turstiar

Eidfjord kommune har laga turkart som ein kan kjøpa på Destinasjon Eidfjord, Galleri N.Bergslien og kommunehuset. Her finn du stiar i variert terreng med ulike vanskegradar. Stiane fylgjer i hovudsak gamle stiar og ferdselvegar i sentrumsnære områder. 

Gradering av turløypene:
* Rusletur
** Lett tur
*** Moderat tur
**** Krevjande tur

Det vert gjort merksam på at fleire av stiane i Eidfjord ligg i bratt terreng med rasfare. Ta difor omsyn til vèr og føre før du legg ut på tur. All ferdsel skjer på eige ansvar.