BibliotekEidfjord bibliotek finn du i 3. etasje på kommunehuset. Bibliotek Kva tilbyr me Ei innhaldsrik boksamling Tidsskrifter Lydbøker Gratis WIFI og lån av PC Lånereglar Lånetid for bøker er 4 veker Lånetid for video er 1 veke Dersom ikkje andre ventar på boka, kan du utvida lånetid anten på nett eller ved å ringa biblioteket. Bortkomne, eller øydelagde bøker, videoar, kasettar o.l. må erstattast Du har høve til å levera inn bøker og video i innleveringsskåpet til biblioteket. Du finn det ved informasjonen på kommunehuset, og er tilgjengeleg 08.00 - 15.00. Boksamlinga på internett No kan du sjå i boksamlinga vår, og tinga bøker og administrera låna heima i di eiga stove. Eidfjord bibliotek på internett Lån av e-bøker Bruk BookBites til å låna e-bøker og e-lydbøker gratis frå biblioteket. Du må ha nasjonalt lånekort for å logga inn; ta kontakt med biblioteket dersom du ikkje har det enno, det er også gratis! BookBites Pressreader - digitale aviser og blad heilt gratis PressReader er ei teneste som gjev tilgang til over 6000 aviser og magasin frå heile verda, og meir enn 150 norske titlar. No kan du nytte tenesta heimefrå om du har Nasjonalt lånekort og loggar deg inn på Eidfjord folkebibliotek sitt websøk. Pressreader gjev deg tilgong til digitale aviser og magasin i komplett digital utgåve. Er du interessert i dagskatuelle nyhende frå Noreg, så kan du lesa Aftenposten, Bergens Tidene og mange fleire aviser - gratis! Har du ein hobby? PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir innhald frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. Ta kontakt med biblioteket viss du ikkje har Nasjonalt lånekort ennå; det er gratis òg! Eidfjord folkebibliotek sitt websøk Publisert 11.02.2019 20.45