Naturressursar
Eidfjord, inst i Hardanger, er ein kommune med rike naturressursar, ressursar som har vore nytta av menneske i uminnelege tidar. Om ikkje gardane i Eidfjord har vore dei største med omsyn til talet på husdyr og storleiken på dyrka areal, har det likevel vore attraktivt å bu her inne.
Ressursane på fjellet har vore, og er framleis viktige. Nærleiken til Hardangervidda må ha vore ei av årsakene til at folk valte å busette seg her inne. Her gjekk også viktige ferdslevegar mellom aust og vest opp gjennom Måbødalen, Hjølmodalen og Simadalen.
Freda kulturminner
At Eidfjord var viktig og sentral for folk i førhistorisk tid, kan ein sjå av det store talet på automatisk freda kulturminne som finst i kommunen. På gardane Hereid, Lægreid og Vik, nede ved sjøen, finst det framleis ein stor mengd gravrøyser frå jernalder. Ikkje minst gravfeltet på Hereidsmoen er imponerande, med om lag 400 små og store gravminne.
Høgfjellet
Ein kan kanskje undre seg over kvifor det er så mange fornminne på ein stad som Eidfjord, som ikkje er noko stor jordbruksbygd. Jakt og fiske i høgfjellet har vore viktig. På Hardangervidda er det registrert og delvis utgrave over 200 lokalitetar frå steinalder.
Jakt og fiske på Vidda har vore viktig også seinare i førhistorisk tid, men no var kanskje jernvinna i dei høgtliggjande fjelldalane enno viktigare. I Sysendalen og i området ovanfor Hjølmoberget har det vore registrert ei rekkje kolgroper, blestertufter og slagghaugar, som heilt tydeleg syner
Kulturminner
Få stader i landet ligg det samla så mange førhistoriske gravminne innanfor eit så lite geografisk område som her på Hereid . Når ein i tillegg veit at det opp igjennom åra har vore rydda vekk mange gravminne, må store delar av terrasseflaten på Hereid ein gong ha vore dekka av graver. Det er pr. i dag inntil 400 graver som er registrerte.
Hjølmo
Langt inne i Hjølmadalen, like ved der vegen går opp til Hjølmoberget, ligg garden Hjølmo. Her er fråflytt i dag, men det budde folk her like fram til 1975 og husa står framleis. Garden er ikkje av dei eldste i kommunen, og er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1533.
Tidlegare gjekk den gamle kløvvegen opp fjellsida ved Hjølmo, og opp til stølsområda på toppen. Ein reknar og med at før utbetringa av vegen opp Måbøberget, gjekk storparten av ferdsla frå Øvre Eidfjord opp Hjølmadalen
På 1980-talet vart det bygd bilveg frå Hjølmo, opp Hjølmoberget og heilt fram til Berdøla ved munningen av Skrubbadalen. Det var mellom anna i samband med dette vegbyggingsprosjektet at fleire av kulturminna frå Berdøla og inn til Viveli vart registrerte.
Viveli
Viveli er den høgstliggjande garden i Hordaland, 877 m.o.h. Namnet kjem frå elva Vivo, ei sideelv til Veig. Garden ligg i eit bakkehjall opp frå Veig, med ei frodig bjørkeli ovanfor. Sjølv om garden ligg høgt til fjells, hadde den det føremon at den låg heilt oppe mot Hardangervidda, med alle ressursane der.
Nærmaste grannegard er Hjølmo, 600 m lågare. I desse områda har det vore registrert førhistoriske spor etter menneskeleg aktivitet. Her ligg fleire tufter samt og ein lokalitet frå steinbrukande tid, men den største mengda kulturminne er knytt til jernvinna. Det er registrert ei mengd kolgroper, somme blestertufter samt einskilde slagghaugar.
Det er registrert tre kolgroper på Viveli. Desse ligg like att med Veig.
Kjeåsen ligg oppe på ei hylle i fjellet på nordsida av Simadalsfjorden, om lag 550 m.o.h, og er den siste fjellgarden i Eidfjord som framleis er i delvis drift (fig. 2.24). Her bur framleis menneske fast heile året, og her er framleis husdyr.
I dag kan ein kjøre med bil opp til Kjeåsen, men før måtte ein gå opp etter fjellsida på ein krunglete, bratt og farleg sti. Om det var vanskeleg å komme seg opp og ned frå Kjeåsen i gamle dagar, hadde dei i kvart fall det føremon at det var kort veg til dei rike ressursane i fjellet. Jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for dei som budde her (Brekke 1993, s. 405).
Staden har gjennom skildringer i bøker og gjennom tv-program vorte gjort kjent for folk, og er i dag eitt av dei meir kjente turistmåla i kommunen. Det er ikkje kjent førhistoriske kulturminne herifrå.
Kulturminnesøk på Riksantikvaren sine sider
Tilskotsordningar til kulturminner
Eidfjord kommune har ikkje eigne tilskotsordningar til kulturminner, men det er mange ulike tilskotsordningar hjå regionale og nasjonale aktørar.
Tilskotsordninga til Kulturminnefondet
Tilskotsordninga til Riksantikvaren
Tilskotsordninga til Vestland fylkeskommune
Stiftinga Indre Hardanger Kulturvern
Andre tilskotsordningar
Kulturminneforeninga si Kva skjer oversikt over søknadsfristar