BergsliskoraneBergsliskorane var heimen til Nils Bergslien og familien. Huset er no kunstnarbustad for kunstnarar som har ulik tilknytning til Galleri N.Bergslien og Eidfjord kommune.Historia til BergsliskoraneKunstnarbustaden i Bergsliskorane ligg idyllisk til like ved Simadalsvegen, ein liten kilometer frå Eidfjord sentrum. Då Nils Bergslien og kona Johanna Myklatun gifta seg og flytta hit, budde dei fyrst i det som seinare vart atelier. Det kvite huset vart reist nokre år etterpå.Bruk i dagBustaden og eigedomen rundt er no i Eidfjord kommune si eiga, og vert brukt som kunstnarbustad for kunstnarar som vitjar Eidfjord for kortare opphald. Kunstnarar som har motteke kunstnarstipend og kunstnarar som skal ha utstillling i Galleri N.Bergslien har fyrsterett. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 18.01.2019 14.25