Generelt for utleige av kulturbygg All utleige skjer ved å ta kontakt med tenestetorget Leigetakar pliktar å setja seg inn i bestemmelsar for det lokalet ein leiger Leigetakar må merka seg at ein ikkje kan ta i bruk lokalet før datoen i utleigeavtalen Leigetakar pliktar å levere sjekkliste etter leige av kulturbygg (digitalt skjema) Ekstraordinære utgifter som kommunen har i samband med utleiga skal dekkast av leigetakar etter avtale eller faktiske utgifter Alle leigetakarar pliktar å levera bygget attende i tilfredstillande stand. Dette betyr at alle bord/benkar er vaska og rydda, alle møblar er rydda attende, oppvask er vaska og rydda på plass i skåp, boss og matavfall er fjerna, vindauger og dører er lukka/låst Skadar på bygningar, inventar og utstyr skal dekkast av leigetakar etter ny pris Dersom leigetakar ikkje leverer bygga attende i tilfredstillande stand eller dette medfører ekstra kostnad for kommunen til reinhald, tilsyn eller andre tenester betaler leigetakar eit tilegg etter desse satsane: Måndag - fredag kr. 300 pr. time / Laurdag - sundag kr. 500 pr. time (minimum 2 timar ved utkalling etter ordinær arbeidstid) + mva. Leigetakar får tilbakemelding før slik faktura vert sendt Respekter røykeforbodet i alle kommunale bygg Publisert 23.10.2019 09.06 Sist endra 23.10.2019 09.16